Skulekorps

Kontaktperson

Om aktiviteten

Bryne skulekorps er for barn og unge frå 3. klasse på barneskulen til 3. klasse på vidaregåande. Musikantane startar i aspirantkorps og får i tillegg opplæring i kulturskulen. Etter to år er dei seniorar. Skulekorpset er eit janitsjarkorps, som betyr at me har både treblåsinstrument (klarinett, fløyte og saksofon), messing (f. eks kornett og bariton) og slagverk. Alle medlemma får låna nødvendig utstyr som instrument og uniform. Me øver kvar veke. I tillegg deltek me i konkurransar, har seminar og reiser på sommartur. Det er både lærerikt og sosial å gå i korps!

Nyttig informasjon

Gå til aktivitetens nettside for mer informasjon

Utstyr:

Musikantane må sørga for å ha
-Aspirant/junior (første 2 år): svart bukse og uniformsko
-Senior: kvit pologenser og uniformsko

Det er normalt gode moglegheiter for gjenbruk og arv innad i korpset.

Beskrivelse av faste kostnader:

Kontingent er kr 1300 per halvår. Dei første to åra er opplæring i kulturskulen inkludert.

Ekstra kostnader som kan forekomme:

Sommertur (eigenandelen varierer med kor me reiser). Musikantane må halda tilbehør til uniform sjølv, f. eks svarte sko.

Kan tilrettelegges for:

    Type aktivitet:

    Musikk, korps, kor

    Passer for aldersgruppe:

    Barn, unge

    Passer for ferdighetsnivå:

    Nybegynner, Litt erfaren, Erfaren

Sist oppdatert 22. april 2024

Informasjonen på denne siden er gitt til oss fra arrangøren. For mer informasjon ta kontakt med arrangøren av aktiviteten.

Hopp rett ned til innholdet