Planeten fritidsklubb
Om aktiviteten
Fritidsklubben Planeten på Kvernaland er open fleire dagar i veka og har tilbod til elevar i barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande skule. Klubblokalet ligg i Kvernaland samfunnshus. Det er godt utstyrt med biljardbord, bordtennisbord, airhockey, PC-ar, Playstation, Xbox, kort- og brettspel. Her finn du og kiosk, minikino med lerrett der du kan sjå film eller spela på storskjerm. Diskotek med mykje lyd og tøff belysning har me og! Fritidsklubben disponerer også eit bandrom som er utstyrt med gitar, bass, slagverk, synth og mikrofonar. Klubben er open for to målgrupper, juniorar (5. - 7. klasse) og seniorar (8. klasse opp til 18 år). Planeten fritidsklubb er ein rusfri møteplass.Nyttig Informasjon
Gå til aktivitetens nettside for mer informasjon
Beskrivelse av faste kostnader:
Inngangsbillett til Juniorplaneten kostar 10 kr, elles gratis inngang.
Ekstra kostnader som kan forekomme:
Sal av kioskvarer.
Kan tilrettelegges for:
- Personer med bevegelseshemming
Type aktivitet:
Barne- og ungdomsklubb, ol.Passer for aldersgruppe:
Barn, ungeSist oppdatert 29. mars 2022
Informasjonen på denne siden er gitt til oss fra arrangøren. For mer informasjon ta kontakt med arrangøren av aktiviteten.